Bjørnefjorden Gründerpark – Kontorplass for gründere og etablerte

Adresse: Torggata 14

Areal: 370 kvm

Vil du starte for deg sjølv og treng kontorplass og tilgang til verdifull kunnskap og ressursar. Eller har du kommet godt i gang, men ønskjer å sitte saman med andre som vil utvikle egen bedrift.

Då er Bjørnefjorden Gründerpark staden for deg!

Bjørnefjorden gründerpark er eit entreprenørskapssenter midt i Os sentrum laga for gründerar, ny-starta bedrifter, pendlarar og andre.

Det er for dei som får energi av å omgi seg med andre som vil utvikle sine bedrifter!

Som leigetakar i Bjørnefjorden gründerpark får du tilgang til:

– fleksible kontorarbeidsplassar

– sosialt og fagleg fellesskap

– ressursar hos Bergen Teknologiover- føring (BTO), næringsråd, kommunar, næringssjef og næringsliv i bjørnefjord- regionen

I tillegg får du bli med på aktiviteter og kurs for kompetanseheving, nettverks-bygging og organisasjonsutvikling.

Inkludert er også fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap.

Leigetakar betaler 2.490,- (eks. mva.) per månad per person.

Kontakt næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim (dask@os-ho.kommune.no) for meir informasjon.

Les også om, og følg gründerparken på https://www.facebook.com/BjFjGP/